Når kjem utlysingane for Forskarprosjekt og Samarbeidsprosjekt (KSP)?
Vi lyser ut Forskarprosjekt og Samarbeidsprosjekt (KSP) med fristar i vår. Desse utlysingane er sentrale verkemiddel for å styrkje kvalitet, fornying og samarbeid i norsk forsking.
Her får du ein overordna oversikt over utlysingane, når dei opnar for søknader og kva søknadstypar og arbeidsnamn som blir brukte. Endelege datoar og detaljar finn du i kvar enkelt utlysing.
Forskarprosjekt
Forskarprosjekt er ei sentral utlysing for forskingsorganisasjonar og skal bidra til ny, nyskapande forsking av høg kvalitet, forskarrekruttering og fagleg fornying.
Planlagd opning for søknader: februar/mars
Venta søknadsfrist: april/mai
Utlysinga kan vere delt inn i ulike tematiske eller porteføljestyrte delar, og det kan vere variasjonar i krav, prioriteringar og vurderingskriterium. Detaljar om målgrupper, støtteomfang og føringar er nærare skildra i utlysingsteksten.
Samarbeidsprosjekt (KSP)
Samarbeidsprosjekt (KSP) skal styrkje samarbeid mellom forskingsorganisasjonar og aktørar i næringsliv og/eller offentleg sektor, og bidra til kunnskapsutvikling som møter konkrete samfunns- og verdiskapingsbehov.
Planlagd opning for søknader: mars/april
Venta søknadsfrist: mai/juni
Nokre samarbeidstiltak kan ha særskilde innretningar, til dømes retta mot visse sektorar, tema eller samfunnsutfordringar. Dette blir omtalt i utlysingane.
Kva bør du gjere no?
Sjølv om utlysingane enno ikkje er publiserte, kan det vere nyttig å
- setje seg inn i krav til søknadstype og vurderingskriterium frå tidlegare utlysingar
- starte dialog med potensielle samarbeidspartnarar
- avklare rollar og prosjektidé internt
Dette gjer søknadsarbeidet meir effektivt når utlysingane opnar.
Følg med på oppdateringar
Tidspunkta som er omtalte i denne saka er rettleiande. Vi tek atterhald om endringar i både publiseringstidspunkt, søknadsperiodar og fristar.
Vi publiserer oppdatert informasjon i kvar enkelt utlysingstekst på nettsidene.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 28. januar 2026, kl. 18.01 CET